Country, americana og folkrockaren Torgeir Waldemar tok det norske folk og ei samla musikkpresse med storm med sin sjølvtitulerte debutplate i 2014, ein debut som hausta heile to nominasjonar til Spellemannprisen! Plata representerte eit akustisk og lågmælt uttrykk, eit uttrykk som etterkvart fekk selskap av meir elektriske og vrengte tonar på oppfylgjaren ”No Offending Borders” Responsen der ute på eteren uteblei ikkje av den grunn, noko toppscore i både norsk og utanlandsk presse samt nok ein nominasjon til Spellemannprisen ber prov om. 

”Denne er det ikke mange som vil matche i år”  
– 
Øyvind Rønning / Dagbladet 6/6 

Torgeir har bakgrunn som gitarist i fleire meir eller mindre kjende rockeband og har teke med seg mykje av den energien inn i soloprosjektet sitt. Det er likevel artisten ingen tvil om at det er Torgeir Waldemar og hans musikalske referanserammer me får servert, alt han fortel kjennes djupt personleg og inderleg. Det er lågmælt, intenst, lyrisk, rocka og moderne samstundes som han både i tekst og musikk peikar attende til store artistar og låtar langt attende i musikksoga.

 ”Dette er den beste norske skiva på flere år”
– Egon Holstad, iTromsø 6/6

På denne konserten kjem Torgeir til Riksscenen med Abildsø Spelemannslag. Bak dette navnet gøymer det seg ein gjeng særs røynde musikarar, som under leiing av musikar og produsent Jørund Fluge Samuelsen og professor John Vinge, skal tilføre musikken til Torgeir eit nytt uttrykk. Abildsø Spelemannslag er nok mest kjend som backingbandet til Aasmund Nordstoga og Trond Granlund, men kvar for seg har dei respektive musikarane enorme mengder band og prosjekt bak seg, både innan folkemusikk og i andre sjangerar. 


”Jørund Fluge Samuelsen og John Vinge makter å omskape en gammel kulturarv til å bli en helt naturlig del av enhver nordmanns kulturelle ballast”
 
– Stein Østbø,VG om ”Ein Visefugg”5/6

 

Torgeir Waldemar - vokal, gitar/banjo
Jørund Fluge Samuelsen - vokal, munnspill
John Vinge -  trøorgel, autoharpe, trekkspill, vokal 
Sondre Meisfjord - kontrabass, vokal
Åsmund Reistad - gitar, mandolin, mandala, tenorbanjo, national resonnator
Erlend Viken - feler, vokal
Knut Aalefjær - slagverk