TØYR er ein kvartett som spring ut av Ole Bull Akademiet på Voss. Med ei unik besetning av feler, cittern, trekkspel og song freistar gruppa å kle norsk tradisjonsmusikk i ei spanande og nyskapande drakt. TØYR-repertoaret består av sjølvkomponere bygde- og runddansmelodiar, ispedd tradisjonelle slåttar og folketonar frå Gudbrandsdalen, Sunnmøre og Innherred. Gruppa legg særskilt mykje arbeid inn i arrangeringa av låtmaterialet slik at musikken høver like godt til dansespel som til konsertspel.

Iselin Anna Aukrust - fele/vokal
Ivar Blekastad Haugen - trekkspel
Semon Harerusten - cittern/mandolin/gitar
Solveig Eide Grønningsæter - fele