Dei Gamle er eldst - Silje Onstad Hålien 

“Dei gamle er eldst” er ei framsyning som ærar og kretsar rundt dei eldre hallingdansarane våre.

Du har garantert sett dei på kappleiksscena, møtt dei på dansefest, sett dei på arkivopptak eller kanskje på Hall of fame – veggen på Riksscenen?

 

Dei trør stega med livsrøynde kroppar og har tyngde i dansen som ungdommen berre kan drøyme om. Dei har skapt yrande dansemiljø kring seg og lærer framleis opp hallingdansarar rundt i heile landet.

 

I kveld er dei her på Riksscena, for fyrste gong i historia samla på denne måten, med blodet brusande av dans og musikk. Her er levandegjeringa av dei historiske linjene. Her er dansarane som skal vise korleis det skal og bør gjerast. Dei gamle er trass alt eldst.

 

 

Martin Myhr – dans
Ingar Ranheim – dans
Rolf Bjørgan – dans
Dagfinn Krogsrud – dans
Vidar Underset – dans
Dag Hamre – dans

Sivert Holmen - musikk
Tuva Syvertsen - musikk og komposisjon
Silje Onstad Hålien - dans og koreografi
Christine Seierstad - koreografiassistent
Morten W. Hjarnø - Scenograf
Sylvia Denais - Kostyme
Susanne Marko - Dramaturg/kunstnerisk veileder
Ida Andersson - Lysdesign
Øystein Etterlid - Lyd

Forestillingen er produsert av Riksscenen, Førdefestivalen og Hilmestemnet i samarbeid med Dansekompaniet Villniss.

Forestillingen er støttet av Norsk kulturråd.