I fjor var det 30 år sidan sjølvaste Hellbillies platedebuterte med skiva “Sylvspente Boots”, ei plate som gjekk rett inn i den norske folkesjela og vart ein instant klassiker. Dette jubiléet gjorde til at Folkmusikkveka på Ål fekk Poing til å spela plata frå a til å på sitt vis, ei plate som er bygd på amerikanske countryhits med Arne Moslåtten sine tekstar på klingande halling, framført av ein jazz-impro-trio! 

 

"Ein sylskarp Fender-gitar kan vel òg nyttast til å understreka ein norsk røyndom!" - Arne Moslåtten

 

At ein slik god idé berre skal spelast ein gong er ei skam, så for alle dei som ikkje fekk oppleva dette på heimstaden til Hellbillies i fjor sumar, får de no sjansen her i den nye heimstaden til brorparten av bandet - Oslo!

 

Poing er kjende for sin kommuniserande, overraskande og uformelle konsertform, samstundes som trioen går i djubda av musikken og den ibuande kvaliteten den har. Kombiner dette med at dei tre er blant verdas fremste utøvarar på sine instrument, og du har oppskrifta på kva de som publikum kan vente dykk. Med seg på hyllesten har dei Lady Hardanger og Michael Donovan som utvida backingband, og ein haug med vokalistar som skal tolke jubiléumsplata, blant dei Arve Moen Bergset og Tuva Syvertsen for å nemne nokon..

 

Det vert Hellbillies i heilt ny drakt denne kvelden, men energien og musikken på denne debutplata er tid- og grenselaus. Det vert høve til å synge med, nikke anerkjennande til delar du kjenner att og undre deg over element du ikkje hadde tenkt på før eventuelt som er heilt nye.
Vel møtt til Poing & co spelar Hellbillies!

 

 

(illustrasjon: T.Andersson, Folkemusikkveka)