Per Gudmundson og Mats Berglund frå Värmland er to av Sveriges absolutt mest meritterte spelemenn. Begge to har rein djup forståing og enorme mengder kunnskap om tradisjonsmusikken frå heimtraktene sine, og når dei no tek ut på turné saman med gitaristen David Albertsson, byr dei på både konsert og dansespel.
Per Gudmundson jobbar som dagleg leiar ved folkemusikkens hus i Rättvik, men er vel kanskje mest kjend i folkemusikkmiljøet frå plater og samarbeid med Pers Hans Olsson, Ola Bäckström og Björn Ståbi, og ikkje minst frå trioen Frifot som han utgjer saman med Ale Möller og Lena Willemark. Når Mats Berglund ikkje er ute og spelar underviser han i folkemusikk på Musikhögskolan i Arvika. Han har jobba i fleire tiår med musikk frå grensetraktene mellom Noreg og Sverige, noko som har resultert i både soloplate og medverknad på plata «Schodsbergs Notebok». Han har også sin eigen trio som mange kanskje kjenner til; Mats Berglund Trio. Gitaristen David Albertsson er kanskje eit meir uskrive blad for dei fleste. Han bur også i Rättvik og jobbar der som spelemann og lærar i folkemusikk, og han trakterar både seks- og tolvstrengs gitar og Mandola med bravur.  

Per Gudmundsson - fele
Mats Berglund - fele
David Albertsson - gitar