Mot slutten av 1990-tallet skapte Øyonn Groven Myhren og Marit Karlberg, sjangeren tostemt slåttetralling. Dei to var sentrale i vokalkvartetten Dvergmål, som gav ut to plater “Visor og kvæde frå Blåberglandet (Grappa, 1996) og Song i himmelsalar (Heilo/Grappa, 2004), der fyrstnemnde vart nominert til Spellemannprisen.
No, over 25 år seinare, ynskjer dei to kvedarane å ta opp att den tråden, og vil utforske og ta vare på den delen av musikkarven ved å arrangere og framføre hardingfeleslåttar og slåttetralling frå Telemark, Hallingdal og Valdres som vokalduo. 
Både Øyonn Groven Myhren og Marit Karlberg er av våre aller fremste kvedarar med ei lang rekkje soloplater, prosjekt, prisar og kappleikssigrar i bagasjen. Øyonn er nok mest kjend i det breie lag for samarbeidet med Odd Nordstoga om tingingsverket “Nivelkinn”, og Marit kjenner mange som eine halvparten av duoen Sudan Dudan.

Kva desse to meislar ut av tonane kan ein oppleva for fyrste gong denne laurdagskvelden i februar, premiere på nybrottsarbeid der altså!

Øyonn Groven Myhren – vokal
Marit Karlberg – vokal