I høve Musikkfest 2021 vert det uteservering utanfor Riksscenen  frå kl 12.00. Dagen leverast med feelgoodgaranti der god mat frå gode naborestauranter, godt drikke frå baren og strålande sol frå oven transformerer bakgården i Schouskvartalet til den flotte oasen den faktisk er. God atmosfære og stemning vert sikra av ein gjeng DJ´s frå folkemusikkmiljøet som snurrar skiver med herleg folke- og verdsmusikk utover ettermiddag og kveld.

Godkartevling

For å toppe stemninga ytterlegare vert det godkartevling ute på plassen frå kl 15:00. Godkartevling er ein konkurransei godkarstykkje, dvs den akrobatiske delen av hallingdansen. Fleire av landets beste hallingdansarar stiller, og publikum kan bivåne dei gjennom ymse øvelsar innan spenst, kraft og estetikk som dagens programleiar og eineveldige dommar, Martin Myhr, har sett saman. Martin er «the grand old man» innan halling/lausdans her til lands, med ein ukjend mengde kappleikssigrar og utmerkingar, noko som bør gjera han skikka til oppgåva. I tillegg utgjer han og kona Gunnlaug ein sentral del av folkemusikkmiljøets avlsavdeling.

Folkemusikkjam inne

Kl 21.00 er sola borte og me flyttar musikkfesten inn i baren nede på Riksscenen. Der vert det folkemusikkjam utover dei små timane, så det er berre å slenge med seg eit eller fleire akustiske instrument og hive seg med etter beste evne på reinlender og polka, springar og pols, irske reelar og jigar, bluegrass og oldtime, cajun og country eller kva som helst annan tradisjonsmusikk som måtte falle musikarane inn for kvelden.

Vel møtt -  Folk on!