Vel møtt til eit spelemannsmøte med Leif Rygg og sonen Steinar Rygg. To meistarar på hardingfele frå Voss. Dei to spelar saman på plata ”På spelarhaugen” frå 1985 på Leif sitt plateselskap Spelarhaugen Folkemusikk. Leif Rygg er hardingfelehøvdingen på Voss! Han lærte spel av meistarar som Lars Skjervheim, Sigbjørn Bernhoft Osa og Anders Kjerland, noko som til no har  resultert i fem sigrar på landskappleiken og enorme mengder sigrar på andre kappleikar, Spelemannspris, Rff-prisen og er sjølvsagt heidersmedlem i FolkOrg for å nevne noko.  Han platedebuterte saman med Knut Hamre i 1980 med plata ”Nøringen”, vann spelemannspris saman med Knut Buen og Kåre Nordstoga i 1994 for plata ”Bjølleslåtten” og kom med soloplata ”Lengt” i 1995, i hovudsak ei plate med slåttar etter Halldor Meland og Sjur Helgeland, men også nokre eigne komposisjonar.Sonen Steinar Rygg har, naturleg nok, sin viktigaste læremeistar i familen. dvs far sin, men har også henta lærdom og inspirasjon frå andre spelemnn, - også frå andre tradisjonsområde. Spelemenn som Anders Kjerland, Knut Hamre, Lars Skjervheim, Hauk Buen, Ola Jørgen Hegge og Finn Vabø har vore viktige i utviklinga hans, noko som han dokumenterte på soloplata ”Brunnslåtten” frå 2002. Steinar har vunne mengder av kappleikar som tradisjonell solospelemann, men også utfordra instrumentet i gruppa Ludo som kopla slåttespel og improvisasjon på hardingfele med jazz og rytmer frå Balkan. Etter konserten med dei to vert det musikalsk samtale med Tett På sitt svar på Knut Borge; Ola Bø!