Riksscenen nyproduksjon
11
torsdag
15
nov. 2018
Dørene åpner 19.30
Starter 20.30
Billett 200/130

old-time, bluegrass, country og keltisk musikk

LAURA CORTESE & THE DANCE CARDS

Kvartetten Laura Cortese & the Dance Cards er korkje strengekvartett, vokalkvartett eller indieband, men blandar saman alle dei elementa samstundes. Laura Cortese, Jenna Moynihan, Valerie Thompson og Jeni Magana har alle utdanning frå Berklee College of Music, og påverka av all slags musikk held dei fast på identiteten sin som folkemusikarar. Kvartetten arrangerer og tolkar old-time, bluegrass, country og keltisk musikk, godt supplert med eigne komposisjonar.

“Stunning - if there was any justice, you’d see Laura on Later with Jools next week” – Acoustic Magazine

Kvartetten spelar mellom 100 og 125 spelejobbar i året på festivalar og klubbar verda over. Dei har to gonger vorte utnevnt som kulturelle ambassadørar for US State Department gjennom Music Abroad – programmet, noko som m.a. førte dei til land som India, Kasakhstan, Usbekistan, Estland Montenegro og Hellas.

 

Laura Cortese - vokal, fele, Valerie Thompson - cello, vokal, Hasee Ciaccio - kontrabass, vokal, Sumaia Jackson - fele, vokal

 

#4320577