FolkOrg fyller 100 år, og jubilanten feirar med eit jubileumsband med det klingande navnet «Landslaget for spelemenn» – urframføringa fekk du på Vossa Jazz!

Konserten har fått navnet «100 år med folkemusikk på 90 minutt» der forfattar og skodespelar Liv Gulbrandsen losar oss gjennom folkemusikksoga, med ein outsiders respektfulle skråblikk, akkompagnert av eit musikalsk stjernelag: Landslaget for spelemenn!

Landslaget består av sju musikarar, og spelar då naturlegvis på tvers av banen. Under leiing av manager og strateg Jørund Fluge Samuelsen stiller dei stort sett i sin faste tretaktsformasjon med Veslemøy Narvesen som anker. Ho vert flankert av Sondre Meisfjord og Ronny Kjøsen , som saman med sweepar Juhani Silvola både går hardt i offensiven på kontringar og bidreg i forsvar når det trengst. I front finn ein trioen Nina Fjeldet, Erik Sollid og Tuva Syvertsen som i samspel og soloraid syter for presise innlegg, virtuost veggspel, svimlande finter og knallharde skot mot mål!

 Landslaget:
Tuva Livsdatter Syvertsen – vokal, feler
Nina Fjeldet – fele, vokal
Erik Sollid – feler, vokal, tenorgitar, mandolin
Juhani Silvola – gitarar
Ronny Kjøsen – trekkspel, trøorgel, piano
Sondre Meisfjord – kontrabass, bass
Veslemøy Narvesen – trommer, perkusjon

 

Innbytarbenk: 

Erlend Apneseth
Øyonn Groven Myhren
John André Eira
Elias Akselsen