Riksscenen nyproduksjon
BrittPernilleJorunMarie_OE8 A9548_fotoKristinStøylen
torsdag
06
sep. 2018
Dørene åpner 19.30
Starter 20.30
Billett 200/130
09
Teho (Fin)

Kviven Duo
Teho

Kviven duo

Korpsa stemte i med sine jubelhorn, ministrar og ordførarar klirra med kjeder og klipte snorer. Volda og Hornindal jubla for at tunellsambandet Kvivsvegen opna nye moglegheiter for samkvem, samarbeid og ikkje minst samspel mellom dei to bygdene i 2012. Milliardprosjektet kan mellom anna skilte med ein fremadstormande feleduo som vart fødd etter at ein hakka seg hol gjennom fjellet Kviven. Felespelarane Jorun Marie Kvernberg (Volda) og Britt Pernille Frøholm (Hornindal) har no brukt sambandet flittig og finpussa eit knippe kvalitetsslåttar frå kvar si side av Kviven. Kviven duo er klar for verda! I stereo felespel frydar dei to allsidige musikarane både seg sjølv og publikum med dei gode tradisjonsslåttane. Britt Pernille Frøholm har eit stort spenn som musikar, frå å vere den argaste tradisjonskjennaren til å traktere atonal samtidsmusikk. Ho kjenner me mellom anna frå gruppene MAAR, North Pole Experience, Boreas, og Friensemblet og som solist i alskens samanhengar. Jorun Marie Kvernberg er ein av dei som har heldt koken i det prislønte ensemblet Majorstuen sidan starten, og ho spelar også med Gabriel Fliflet, Tindra, Unni Boksasp og er ein etterspurd komponist. 

La Kviven duo sørge for sviven og syne deg bogedriven denne kvelden!

Jorun Marie Kvernberg – fele, Britt Pernille Frøholm – fele


Teho (Fin)

Tero Hyväluoma & Esko Järvelä har slege kreftene saman og danna Teho, ein duo dei karakteriserer som “Finnish power fiddle”! Dei to røynde karane vaks opp i Østerbotten,  eit område som er viden kjend for eit ekstremt virilt og rikt folkemusikkliv, og har spelt saman i årevis i ulike prosjekt og band som til dømes supergruppa Frigg.

Dei to bryt med musikalske grenser utan blygsel, men heile tida med føtene godt planta i tradisjonen. Teho nyttar tradisjonelle element fantasifullt og leikent, og musikken deira vekslar sømlaust frå ein stemning til ein annan. Musikken til duoen kombinerer tradisjonell finsk pelimanni, norsk halling, svensk polska, bebop, western swing og moderne folkemusikk.

Tero Hyväluoma - fele, Esko Järvelä - fele

#4274474