Kim Rysstad “Or Setesdal”
Dette blir gama! 11. februar slepp Kim Rysstad «Or Setesdal» og dette vert feira på Riksscena same dag.
I «Or Setesdal» har Kim Rysstad samla nokre av sine favorittsongar henta frå den særeigne og mangfaldige Setesdalstradisjonen. Kim er ein av få tradisjonsberarar som er med på å halde den vokale folkemusikken frå Setesdal i hevd, og føre den vidare til nye generasjonar. I denne boka med CD vert du kjend med kjeldene Kim har lært av, ei kort innføring i kva kveding er, samt ei lita oversikt over dei ulike sjangrene som er representert.
«Det er en av landets absolutt fineste sangere som lar sitt instrument nærmest fløyelsaktig omfavne oss» – Svein Andersen, Aftenposten
Kim Rysstad er ein Spellmannnominert, prisbeløna A-klasse kvedar og songar frå Rysstad i Setesdal. Med si unike røyst djupt forankra i folkemusikken har han blitt lagt merke til av musikkelskarar langt utanfor landegrensene.
Kim Rysstad – vokal
Trym Bjønnes – gitarer
Ånon Egeland – feler
Eldbjørg Rysstad – vokal