Karl Seglem går stadig nye vegar med sitt eineståande og personlege musikalske uttrykk. I den splitter nye konstellasjonen “Karls Urorkester” er det fyrst og fremst det eldre og akustiske lydbiletet som dannar bakteppet for musiseringa, men sjølvsagt med medlemmenes kontemporære tilnærmingar til materialet.

Instrumentsamansetninga for kvintetten er unik, og Karl har sett saman bandet spesielt for "Klangen før fela", som føregår på Riksscenen denne helga. Som jazzmusikar har Seglem på mange måtar snudd ryggen til den nord-amerikanske jazztradisjonen og, i kompaniskap med Terje Isungset i duoen Isglem, forska og spelt fram eit eige improvisasjonsspråk tufta på hardingfelemusikken og norske folketonar.

Det er Karl Seglems komposisjonar for ymse bukkehorn som utgjer den musikalske kjernen i konserten. Saman med unike, framståande og søkjande musikarar som Mattis Kleppen, Olav Torget og Stein Villa vert desse bearbeidd og omarrangert til ei heilt ny og eineståande konsertoppleving. Dikt frå Karl Seglems tredje diktsamling KVERVL, som kjem i 2018, vil også bli inkorporert i konserten.


 

Karl Seglem – bukke-, antilope- og steinbukk-horn, stemme, poesi

Stein Villa – langeleik, harper, fiddla, div.
Olav Torget – konting/ngoni  
Mattis Kleppen – akk.elbass  
Terje Isungset – perkusjon og munnharpe