På joleavslutninga for “Folk på Torsdag” denne sesongen kjem Marit Karlberg, Frank Henrik Rolland og Sigbjørn Apeland og presenterer tidsrett musikk frå plata “Julegjest” med musikk frå Valdres som kjem ut på Ta:lik i desember.

 I Valdres finn vi ein eineståande sterk folkesongtradisjon som er dokumentert blant anna gjennom Ludvig Mathias Lindeman sine nedskrifter av Kingotonane til Andris Eivindson Vang. Vang kunne føre sin tradisjon fleire slektsledd attende, til Kalvedalspresten og 1600-talet då Kingo reformerte den dansk-norske kyrkjesongen. På denne konserten kan du lytte til dei vakre advents- og julesalmane frå denne Valdrestradisjonen med røter heilt attende til 1600-talet. I tillegg får du ta del i førjulsstemningar i heilt nyskrivne songar, og kjenne på dansedrivet i arrangementa av nokre av dei gamle juleleikane.

…og med den perla ynskjer me i OsloFOLK alle ei god jol, og takk for i år!

Marit Karlberg - vokal, langeleik
Frank Henrik Rolland - hardingfele
Sigbjørn Apeland - trøorgel

 

Etter konserten: Dansespel med Folkemusikkstudentar - NMH