Det er vel ingen overdriving at Ingvill representerer ein av dei meir anerkjende familietradisjonane i landet. Med kvedaren Agnes Buen Garnås som mor og spelemenn på øvste hylle i resten av familietreet, er det ingen stor overrasking at folkemusikken står hjarta hennes nærast.

 

Ingvill har vunne landskappleiken i kveding/vokal tre gonger, seinast i 2013 og kan også skilte med folkelarmpris og nominasjon til Spellemann for plata «Salmer, Segn og Solbøn» som ho gav ut med bror sin Per Anders Buen Garnås i 2010. Ho har utover det to plater på samvitet, «På Grønalihei» frå 2003 og «Gåtesong» frå 2005 som ho delar med kvedaren Jon Anders Halvorsen.

 

Ingvill har ei stor breidde i repertoaret sitt som spenner frå stev, visur og vers til gåteviser og ballader frå områda Telemark og Setesdal.

 

Ingvill Marit Buen Garnås – kveding