Hilde Fjerdingøy, opprinneleg frå Svalbard,  er ein av de beste utøvarane på torader me har her i landet med sin sjelfulle, kraftige og groovy stil. Ho spelar musikk fra mange forskjellige tradisjonar i de nordiske landa, men det er tradisjonen frå Helgelandskysten der ho vaks opp,  ho har gått djupast inn i. 

Hilde har ein mengd prosjekter og konstellasjonar ho spelar med. Ho er medlem av det svensk-norske bandet Rim, Hildur dansekompani, Duo Fjerdingøy & Andersson og ikkje minst er ho primus motor i gruppa Moenje som vart nominert til Spellemannsprisen i fjor. 

Hilde har en mastergrad i nordisk folkemusikk frå Ole Bull Akademiet på Voss, Sibeliusakademiet i Helsinki, Kungliga Musikhögskolan i Stockholm og Syddansk Musikkonservatorium i Odense. Hilde har spelt ei lang rekkje konsertar og turnéar rundt i Norden samt halde konsedrtar i Kina, Brasil, USA, Estland, Latvia, England og Østerrike!

Hilde Fjerdingøy - torader