Heimebrent kan kallast «det norske gentlemannsbrotsverket». Den er symbolet på isolasjon og sjølvberging, på ein streng og grisk alkoholpolitikk og på ein særeigen norsk trass mot autoritetar. Torgrim Eggen og Jon Bertelsen, som har studert fenomenet både kulturhistorisk, regionalt og biokjemisk, kjem til OsloP for å fortelje om polsdansarens tradisjonseliksir.
Kan ein skilje mellom dårleg heimebrent og litt mindre dårleg heimebrent? For dei som ynskjer byr vi på ein eigen billett med fem smaksprøver under foredraget. På Det Norske Brenneri har Jon Bertelsen freista å attskape feila som folk har gjort gjennom tida, og sjølsagt viser Jon oss korleis det verkeleg skal gjerast òg. Vi får smake korleis standarden på norsk potetsprit er i dag, og korleis den reine spriten kan nyttast til prisvinnande gin og akevitt.