Riksscenen nyproduksjon
02
torsdag
14
feb. 2019
Dørene åpner 19.30
Starter 20.30
Billett 190/130

HANS P. KJORSTAD

FOLKEVOGN

Folkevogn spelar meditativ, vakker og rytmisk fengjande musikk med besetninga sarod, hardingfele og trommer. Repertoaret består av nord-indisk klassisk musikk og folkemusikk frå Gudbrandsdalen.

 

Trioen fremjar likskapen mellom desse tradisjonane. Ved sidan av at melodiane og dei rytmiske figurane liknar fins det fleire og meir djuptgåande parallellar - såsom gehørbasert overføring, klangfargar som speglar naturen og tradisjonsmusikkens posisjon som eit praktisk redskap i livet.

Sudeshna Bhattacharya møtte Hans Kjorstad og Michaela Antalova hausten 2015 då ho lærte bort indiskmusikk som eit valfag på musikkhøgskulen i Oslo. Sudeshna er ein ekte meister på sarod. 19 strengs-instrumentet har ikkje band, noko som gjer det mogleg å intonere med høg presisjon, akkurat som på fele.Ho har gått i lære hjå Ustad Amjad Ali Khan som er ein av dei største sarod-guruane nokon sinne. Ho er oppvakse i Kolkata, var på sin fyrste Europa-turne i 1999, og har no vore busett i Europa i over 10 år,fyrst i Frankrike og sidan i Noreg. Ho er ein eineståande ambassadør for indisk klassisk musikk i Europa. Felespelaren Hans Kjorstad er oppvakse i eit livleg folkemusikkmiljø på Fron i Gudbrandsdalen, og trivs godt med melodisk improvisasjon. Slovakiske Michaela Antalova er ein ettertrakta trommeslagar på både improvisasjon- og verdsmusikkscena i Oslo. Hennar musikalitet og nærvær gjer ho til eit perfekt bindeledd i trioen.

Folkevogn spelte på fleire jazzfestivalar sumaren 2018 og i 2019 spelar dei omlag 10 konsertar i Skandinavia og Frankrike.

 

Sudeshna Bhattacharya – sarod
Hans P. Kjorstad – hardingfele
 Michaela Antalova – trommer

 

#4393368