Folkemusikktrioen Gjevre, Odde & Vårdal byrja å spele i lag hausten 2017 som eit resultat av fleire dansespelingar og jamsessions. Alle tre er røynde danse- og konsertspelemenn, og har lang fartstid innanfor folkemusikken kvar for seg. Våren 2023 gjekk dei i studio hjå Tor Magne Hallibakken og spelte inn plata “Vandring” med tradisjonell og eigenkomponert folkemusikk, Dans deg sveitt og glad til hardingfele, toradar og akkordion som er uvanleg og sjeldan å høyre men vekslinga mellom det improvisatoriske og den spesifikke stemmeføringa gjer at uttrykket blir spennande og spesielt.

Vegar Vårdal - hardingfele
Inge Gjevre - torader
Mads Erik Odde - trekkspel

Karde Ulla er eit nytt, fresht band beståande av Amalie Kinsarvik Tvilde, Tiril Eirun Einarsdotter, Maja Källström, Ester Thunander og Astrid Garmo. Dei speler runddans frå tidleg morgon til seine natta. Det vert helene i taket og tenna i tapeten, kom deg til Riksscenen og dans til Karde Ulla!

Amalie Kinsarvik Tvilde - durspel 
Tiril Eirun Einarsdotter - fele
Maja Källström - saksofon
Astrid Garmo - fele og gitar
Ester Thunander - fele


Ingen dansekveld utan bygdedans, og denne kvelden er det dei to stortalenta på hardingfele; Syver Rolandsgard Hauge og Kjetil Myhren som saman med felemeister John Ole Morken skal ta oss på musikalsk rundttur frå Røros via Valdres til Hallingdal og Telemark!

Kjetil Myhren - hardingfele
Syver Rolandsgard Hauge - hardingfele
John Ole Morken - fele

I tillegg spelar Flatlusa Spelemannslag frå Ås ei økt med gammaldans og Gudbrandsdølenes Spelemannslag spelar springleik!

 

I samarbeid med BLS (Bygdelagssamskipnaden) arrangerer vi Kræsjkurs i gammaldans i Nordahl Bruns gate 22 fra 12:00 til 15:00. Kurset er gratis, det er åpent for alle og du trenger ikke å kunne noe på forhånd. Mer info på www.bls.no