Bakkjens raudvinsbasar med plateslepp!
To av dei aller vakraste folkemusikkuttrykka kjem frå gruppene Sudan Dudan og Triakel, og i anledning platesleppet til Sudan Dudans tredje plate ynskjer me å invitere publikum til Nordens vakraste eventyr!

Sudan Dudan kjem med ny plate og feirar plateslepp på Bakkjens Basar. Endeleg får me høyre kva dei og produsent Odd Nordstoga har klart å utrette saman i Propeller studio etter at me har stått stille og måpa av dei to føregåande skivene. Materialet er bygd rundt same malen som før, Marit Karlberg si vakre stemme og langeleiken hennar blendande vakkert og originalt sett saman med gitarspelet og koringa til Anders Røine, men med innslag av produsent Nordstoga og eit par gjestemusikarar på utvalde låtar har duoen lagt løpet for å nå eit breiare publikum enn tidlegare.Sudan Dudan er møtet mellom Jotunheimen og Appalachene, det er originale arrangement av norske folketonar, tydeleg inspirert av amerikansk old time musikk og vestafrikansk ørkenblues. Dei leverer eit fullendt, akustisk og vakkert univers der gamle historiar om riddarar, prestar, fattigfolk og jomfruelege kongsdøtre vert gjort tidlause og like lite geografisk fastbundne som dei eingong var….

Marit Karlberg – langeleik og vokal
Anders Erik Røine – gitar, munnharpe og vokal

 

Triakel er Sveriges vakraste trio. Emma Härdelin, kjend frå m.a Garmarna, si fantastiske stemme flyt saman med trøorgelet til Janne Strömstedt og felespelet til Kjell-Erik Eriksson (Hoven Droven) til ein høgare eining. Bandet vart fødd på ein fest i 1994 då Janne og Kjell-Erik fann ut at her måtte det spelast viser, noko som førte til turnerar over heile verda til stor åtgaum, mellom anna i Japan og USA. Trioen har gjeve ut fire plater sidan debuten i 1998, og er i studio hausten 2013 for ny plate som sleppast tidleg i 2014, så på basaren får me både gamle hits og smakebitar på neste album.

Emma Härdelin - song
Janne Strömstedt - trøorgel
Kjell- Erik Eriksson - fele