Riksscenen nyproduksjon
08
fredag
31
aug. 2018
Dørene åpner 20.00
Starter 21.00
Billett 220/175
08

FOLK OCH RACKARE

Folk & Rackare var ei av dei mest innflytelsesrike gruppene innan nordisk folkemusikk på 1970-80 talet. Samarbeidet mellom Carin Kjellman og Ulf Gruvberg førte til utgjevinga ”Med rötter i medeltiden” i 1974, før dei danna kvartetten Folk och Rackare saman med Jørn Jensen og Trond Villa frå det norske kultbandet Folque. Dei to nordmennene tok med seg bordunsoundet inn i gruppa, og saman med inspirasjon frå britiske folkband som Fairport Convention og Pentangle fann dei sitt eige unike uttrykk. Dei nyskapande og originale arrangementa gjorde til at dei nådde ut til eit breidt publikum, både i Sverige og internasjonalt og vart eit førebilete for folkemusikkgrupper og balladetolkarar. I april tidlegare i år gjorde det svenske musikkmagasinet Lira ei kåring av dei 100 viktigaste platene i svensk folkemusikk. Der klokka Folk och Rackare si plate ”Rackarspel” inn på femteplass! Fyrsteplassen i kåringa vart Hedningarna si plate ”Kaksi”, ei plate som vart produsert av Ulf Gruvberg. 

Under årets Folk & Värdsmusikgala i Norrköping vart Carin Kjellman og Ulf Gruvberg tildelt juryens prestisjetunge hederspris.


Trond Villa – fele, hardingfele, Jørn Jensen – mandolin, gitar m.m., Carin Källman – vokal, dulcimer, gitar, Ulf Gruvberg – vokal, gitar, bass m.m.

#3549646