I høve feiringa av at Landslaget for spelemenn er 100 år i år, vert det konsert med utgangspunktet for organisasjonen som vart stifta av Arne Bjørndal i Bergen for 100 år sidan, dvs konsert på hardingfeler. Hardingfela har status som Noregs nasjonalinstrument, og er i fleire dalføre og område det rådande instrumentet for framføring av den tradisjonelle slåttemusikken. Hardingfeleområdet strekkjer seg frå Valdres i Innlandet, via Hallingdal og Numedal, gjennom Telemark og Setesdal til Hardanger og oppover til nordvestlandet.Denne konserten vil syne fram noko av det beste frå dei ulike distrikta der hardingfela er i levande tradisjon, under kyndig rettleiing og med gode fortellingar av kveldens programleiar, Knut Buen.
Spelemennene for kvelden er:
Jan Beitohaugen Granli (f.1979) frå Øystre Slidre i Valdres. Han har vunne landskappleiken på hardingefele fem gonger, Fanitulltevlinga på Ål fem gonger og har gjeve ut to soloplater, “Lite nemmar” i 2003 og “På Beitohaugen” i 2010.
Øyvind Brabant (f.1956) frå Nesbyen i Hallingdal. Vinnar av landskappleiken og vert reikna som den fremste tradisjonsberaren for hardingfelespel i Hallingdal. Har gjeve ut to soloplater, “Vrengja” i 1999 og “Breksja” i 2018.
Per Anders Buen Garnås (f.1980) frå Bø i Telemark. Vinnar av Landskappleiken fire gonger og Fanitulltevlinga fem gonger. Har gjeve ut fem soloplater og vore nominert til Spellemannprisen tre gonger.
Johanne Flottorp (f.1991) frå Åmli representerer Agder. Ho mottok den fyrste av til saman tre Folkelarmprisar for den sjølvtitulerte soloplata si som også vart nominert til Spellemannprisen. Ho er særs allsidig på instrumentet og er m.a. nominert til Spellemannprisen i country!
Alexander Aga Røynstrand (f.1990) er frå Granvin i Hardanger. Han har vunne landskappleiken på hardingfele dei to siste gongene. Han medverkar på plata “Spelarhola” saman med Knut Hamre og Åse Teigland og er snart aktuell med si fyrste soloutgjeving.
Synnøve Bjørset (f.1979) kjem frå Jølster i Sunnfjord. Ho gav ut den Spellemanprisnominerte soloplata “Slåttar” i 2009 og medverkar på heile 16 andre plater med folkemusikalsk innhald. Synnøve representerer dei tøffaste slåttane framført på råaste måten fjordane har å bjode på!
Kveldens programleiar treng vel ikkje eigentleg nokon nærare presentasjon - det er sjølvaste Knut Buen!
Knut Buen (f.1948) er ein av dei aller viktigaste og fremste folkemusikarar me har hatt i landet siste 100 år. Han har ein enorm mengde utgjevingar på labelen sin Buen Kulturverkstad med seg sjølv og andre folkemusikarar på både plate og i bokform, og har som ambassadør og utøvar av hardingfelespel vore verda rundt. Han har hatt samarbeid med alt frå Notodden Bluesband og blackmetalbandet Emperor til Arne Nordheim, Arve Tellefsen og Håvard Gimse.
Vel møtt til ein rundtur i Noregs hardingfeletradisjonar!