Frå Verdal’n kjem felefantoma Einar Olav og Gjermund Larsen. Duoen er viden kjent for sitt drivande dansepel med slåttar frå polsrepertoaret i Inntrøndelag.
Frå Engerdal og Røros kjem Sigrid Stubsveen og Ingeborg Ulberg Sommer. Dei har spelt saman sidan dei møttest på folkemusikklina på Vinstra og har ei speleglede som lett smittar ut på dansegolvet. Ingeborg har fordjupa seg i feletradisjonane frå Rørostraktom og Sigrid spelar slåttemusikken og tradisjonane frå Engerdal og omegn.
Frå Follo kjem duoen Jonathan Jansson og Marte Haltli. Dei spelar tretaktslåttar frå fleire tradisjonsområde, men har det siste året fordjupa seg i tradisjonen frå Finnskogen gjennom prosjektet «Folk Sessions Skogfinsk». Duoen vann nyleg prisen for «beste dansespel» på Distriktskappleiken i Oslo.
Dansekonserten har eit begrensa antal billettar for å sikre god danseplass.


