Bruvoll / Halvorsen er attende med fullt band!
11 år har gått sidan Bruvoll / Halvorsen platedebuterte med den nydelege og lågmælte plata Nattsang på Grappa musikkforlag i 2004. Møtet mellom gitaristen Tore Bruvoll (Hekla Stålstrenga, Annbjørg Lien, Sondre Bratland) frå Tromsø og kvedaren Jon Anders Halvorsen (Dvergmål, Tryllefløyta) vart raskt ein favoritt blant dei nye folkemusikkgruppene tidleg på 2000-talet. Plata vart fylgt opp av ”Trillar for to” i 2007, ei plate med fleire musikarar og mannskor og med eit mykje meir åpent og popifisert folkemusikkuttrykk. Plata mottok Folkelarmprisen og vart lista på P1 og hadde mykje større kommersielt nedslagsfelt enn debuten, men utan å miste det særeigne i samarbeidet mellom dei to.Etter mengder av konsertar i kjølvatnet av ”Trillar for to” i både inn- og utland vart det brått stille rundt duoen. Tore konsentrerte seg om andre prosjekt som Hekla Stålstrenga og Store Norske Gitarkvartett og livnærte seg utover det som freelanser, medan Jon Anders utdanna seg ferdig som doktor og gav etter kvart ut soloplata ”Komme no heim” med tradisjonelt materiale frå Telemark.No har duoen samla heile Trillar for to-bandet att - og for eit band det er, så det er berre for gamle og nye lyarar å koma til Riksscenen for å sjå om dei framleis held koken og om dei har har kome heim for å bli denne gong.

Jon Anders Halvorsen - song
Tore Bruvoll - gitar, banjo, song
Anders Røine - gitar, banjo
Jorun Marie Kvernberg - fele og hardingfele
Sondre Meisfjord - kontrabass
Christian Svensson - trommer