Årets sesong av Fyrispel startar med «Årets folkemusiker 2019» Bjørn Kåre Odde frå Garmo. Den allsidige musikaren treng truleg ingen nærare skildring for dei fleste, men i grunngjevinga til juryen for prisen seiast det:

 «Med virke som både komponist, musikar og skodespelar, har han hatt sitt virke på alt frå ungdomshus til teatersalar dei seinaste åra. Han er ein svært akta spelemann innafor både gamaldans og slåttespel og representerer dalføret sitt med bravur på både landskappleikar og landsfestivalar.
Han har det seinste året stått heilt, eller delvis, bak tre bestillingsverk, komponert musikk for kor og sitt eige instrument fele, medverka på fem plateutgjevingar og vore nominert til prisar både som musikar og komponist. Han er óg mykje nytta som lærar på ymse kurs og samlingar rundt i landet.»

Bjørn Kåre Odde, som har rukke å bli 30 år, er på toppen av alt musikalsk leiar av Lom spelmannslag og leiar av Gudbrandsdalen folkemusikklag.

Vel møtt til konsert med ein av landets travlaste musikarar!

Bjørn Kåre Odde - fele