"..Cathy Berberian opna opp ei ny songverd for meg som lytter. Ho er ein stor inspirasjon, og det var sjølvsagt hennar innspeling av Folk songs som greip meg så strekt at eg måtte inn i den musikken sjølv. Her er folketonar frå m.a Russland, Aserbadjan, Sardinia, Frankrike og Armenia.
Ørjan Matre er ein av våre framadstormande komponistar. Det er ei stor ære at han har skrive eit nytt verk for BIT20 om meg der han inkluderer folketonar frå min tradisjon i Sogn og Fjordane” Dette verket vert urframført denne kvelden.."
- Unni Løvlid

BIT20 Ensemble blei danna i 1989 og er eit av Nordens ledande samtidsmusikkensemble. Dei tek eit særleg ansvar for utviklinga av norsk og nordisk kunst, og har bestilt og urframført omlag 100 verk.
Programmet vil bestå av ei urframføring av Ørjan Matre sin Terskelsanger, Luciano Berio sin Folk songs, og Unni sine eigne folkesongar frå Sogn og Fjordane.

Ingela Øien - Fløyte
Håkon Nilsen - Klarinett
John-Arild Suther - Trombone
Peter Kates - Perkusjon
Gard Garshol - Perkusjon
Johannes Wik - Harpe
Kristin Jæger - Bratsj
Agnese Rugevica - Cello
Unni Løvlid - Sang
Trond Madsen - Dirigent