Tufskrøkjun er ei felegruppe frå Sel, Vågå og Lom med Synne Grothe, Ann Kristin Odnes, Kari Grøsland og Astrid Sulheim. Dei spelar tradisjonell folkemusikk frå Norddalen med hovudvekt på Vågå og Lom, og er opptekne av å finne slåttar som er lite brukte eller har sjeldne former. Gruppa har vunne gruppespel på landskappleiken heile seks gonger, deriblant dei tre siste åra, og no er det dags for at den røynde kvartetten gjev ut plate!


Synne Grothe - fele
Ann Kristin Odnes - fele
Kari Grøsland - fele
Astrid Sulheim - fele