SPRINGLEIK, SPRINGLEIK, SPRINGLEIK!
Månadens artist Andreas Ljones besøker Folk på Torsdag for å presentere den tradisjonen som ligg hans hjarte nærast, nemleg den rike springleiktradisjonen frå Vågå, Lom og Skjåk. Saman med Astrid Sulheim frå Lom og Leif Inge Schjølberg frå Vågå, som båe er framifrå og særprega utøvarar av kvar si tradisjonsline, speler han opp store og små, mektige og suggererande slåttar i solo og samspel. Lokalmann og springleikekspert Ola Grøsland frå Vågå bind konserten saman med anekdoter frå folkemusikkhistorien og historier om slåttar og spelemenn slik berre ein erfaren kjentmann kan gjera det.

Andreas Ljones - fele
Leif Inge Schjølberg - fele
Astrid Sulheim - fele
Gudbrandsdølenes Spelemannslag
Ola Grøsland kåserer

Mer om Oslo World Music Festival: www.osloworld.no