Den kritikerroste duoen Sudan Dudan presenterer universet sitt for fyrste gong som kvartett på scenen! Anders Røine og Marit Karlberg har gjeve ut fire strålande plater, der det aller meste av materialet er framført av berre dei to. Det finst absolutt unntak, då særleg på gjennombrotsplata “Inntil i dag” frå 2012, som vart produsert av Odd Nordstoga, der er det fleire instrument i gang på mange av låtane.Etter den utgjevinga gjekk duoen attende til det minimalistiske utgangspunktet sitt, men no gjer me oss klare til å høyre den fantastiske musikken dei to har laga saman i eit noko større format.

«När Marit Karlberg sjunger norska folkvisor och Anders E. Røine kompar på akustisk gitarr och/eller banjo tror man verkligen att countrymusiken måste ha fötts i Norge och kommit till Amerika med norska utvandrare.» – Bengt Erikson, Rootsy

 

Det er ikkje fyrste gong denne kvartetten står på scena saman, dei var firerbanden som framførte musikken til stumfilmen “Kristine Valdresdatter” som Anders Røine komponerte, men det er fyrste gong dei gjer ein heil konsert med materialet til Sudan Dudan saman.
Vel møtt til Sudan Dudan & Dudane!


Marit Karlberg – vokal, langeleik
Anders Erik Røine – vokal, gitar, munnharpe
Sondre Meisfjord – kontrabass
Hans Hulbækmo – trommer, perkusjon