Munnharpeviritousane Anders Erik Røine, Kenneth Lien og Thov Wetterhus har til saman 13 landskappleiksigrar på instrumentet! Dei har spelt saman som trio eit par gonger før, men forsterka med perkusjonist og munnharpist Hans Hulbækmo er nytt av kvelden, så denne splitter nye kvartetten noko du garantert ikkje har høyrt før. 

Anders E. Røine, frå Rødtvet i Oslo, er truleg mest kjend som gitaristen i duoen Sudan Dudan. Han har i tillegg spelt ymse instrument på utgjevingar med m.a. Odd Nordstoga, Tone Damli og Ingebjørg Bratland, samt medverka på filmmusikken til serien "lilyhammer" med sjølvaste Little Steven.

Kenneth Lien er for tida musikkstudent ved NMH. Multiinstrumentalisten frå Lillehammer har gjort seg særs bemerka i folkemusikkfloraen med flott felespel på sjølvlaga fele, drivande gitarspel, ein unik langeleik han trakterer med bravur - og sjølvsagt munnharpe der han er regjerande vinnar av landskappleiken.

Thov Wetterhus frå Nore i Numedal er munnharpespesialisten i kvartetten. Han har vunne landskappleiken seks gonger på munnharpe og debuterer seinare i vår som plateartist med eiga soloplate - på munnharpe.

Hans Hulbækmo er ein av landets aller mest nytta trommeslagerar innanfor stort sett alle kjende sjangerar. Oppvaksen med på Tolga i Østerdalen, med Hans Fredrik Jacobsen og Tone Hulbækmo som foreldre, gjekk det som det måtte gå - han vart musiker på heiltid. 

Det er altså ein gjeng særs røynde munnharpistar og multiinstrumentalistar som inntek scenen denne laurdagskvelden. Kva instrument som får mikrofon på seg i tillegg til munnharpene er framleis uvisst, men at det vert ein musikalsk oppleving for alle som kjem til Riksscenen er me heilt trygge på.
 

Anders Erik Røine – munnharpe 
Kenneth Lien –  munnharpe
Thov Wetterhus – munnharpe
Hans Hulbækmo – munnharpe