Den røynde bassisten Mattis Kleppen fann etter mange år med verdsmusikk og jazz at det låg ei musikalsk skattekiste rett utanfor døra til barndomsheimen i Bø. Me preikar sjølvsagt om slåttemusikken frå Telemark. Han gjekk til kjeldene og lærte slåttar, for så å samle saman særs kompetente musikarar, og bandet Resjemheia vart eit faktum.

Musikken avspeglar miksen av slåttemusikk og blues som har stått sterkt i Midt-Telemark sidan 1970-talet, og væpna med hardingfele, fuzzbass og doble basstrommer går trioen til angrep på slåttemusikken med stor respekt. Dei tek oss gjennom vare stemningar, utagerande eksplosjonar og mørke dystopiar. Samspelet resulterte i tingingsverk på Telemarkfestivalen 2015 og den kritikarroste plata «El Bokko».

 

«Hele plata er som en spinnende globus, der Bamako blir til Bø, der tuareger går i bunad og Seljordsormen titter fram et sted langs Mississippis elvebredder»
– Bjørn Hammershaug / Folkemusikk


Ottar Kåsa – hardingfele
Kenneth Kapstad – trommer
Mattis Kleppen – bassgitar

Symbio
Det er eit drøymande, groovy og viritoust musikklandskap den relativt nye duoen Symbio tek oss med til når dei fyrar opp dreielira og trekkspelet sitt. Dei to musikarane er utdanna ved Royal Academy of Music i Stockholm og Sibeliusakademiet i Helsinki, så sjølv om karane er unge og duoen fersk er det særs røynde musikarar me har med og gjera. Symbio vart kåra til Årets Nykomar under Folk- & Världsmusikgalan 2016 utan å ha gjeve ut ein einaste låt.

Johannes Geworkian-Helman – dreielire
Larsemil Öjeberget – trekkspel