Straight Outta Lillehammer dukka det for nokre år sidan ein multiinstrumentalist me alle etterkvart kom til å kjenne godt til. Med sjølvlaga fele, drivande gitarspel, langeleik og ikkje minst munnharpe, etter at Bent Åserud fekk bytt ut turistharpa med ei skikkeleg ei, dukka den tidlegare tordenpopspelemannen opp på kappleikar og stemne rundt i landet til beundring og åtgaum. 

 

No går Kenneth på NMH, er regjerande landskappleikvinnar på munnharpe og har fleire grupper og prosjekt i alt frå tradisjonell folkemusikk til hiphop og rock, men til Fyrispel kjem han åleine med eit lite knippe instrument.

 

Kenneth Lien – munnharpe, langeleik, hardingfele