På plassen foran Riksscenen blir det bakgårdsfest med godkartevling i år som i fjor. Godkartevling er ein konkurranse i godkarstykkje, dvs den akrobatiske delen av hallingdansen. Publikum kan bivåne fleire av landets beste hallingdansarar gjennom ymse øvelsar innan spenst, kraft og estetikk som dagens programleiar og eineveldige dommar, Martin Myhr, har sett saman. Martin er «the grand old man» innan halling/lausdans her til lands, med ein ukjend mengde kappleikssigrar og utmerkingar, noko som bør gjera han skikka til oppgåva. 

 

AN DRAN DRIN DREKT

An dran drin drekt. Kontra både fem og seks. Bom bam dutri dam. Silkemaga, buldrikaka. Ditt om. Pøk utav!

Kartellet byr på rare triks, felespell på stylter, sprø folkedans og artige reglar i denne utandørs forestillinga som nå vitjer Oslo. Kartellet vil dele med verda at den rare, artige leiken er gull verd. Forestillinga hadde premiere i 2021 på Festspillene i Bergen. Ho er co-produsera av Festspillene i Nord-Norge og har spilt mellom anna på Dansefestival Barents, Festspillene i Nord-Norge, Sprang og Rockheim. Støtta av Norsk Kulturråd. 

Vetle Springard – dans og krumspring, Eirik Fuglesteg Luksengard – dans og krumspring, Jo Einar Sterten Jansen – stylter og fele

 

FOLKJAM PÅ KLUBBSCENA

Når det kveldast tar Michael Donovan med fela si inn og inviterer folkemusikarar av alle slag til jam på Klubbscenen.