Torsdag 21.januar 2010 gjekk den aller fyrste konserten på Riksscenen av stabelen med Knut Buen og Hallvard T. Bjørgum på scenen.

Dei to legendariske spelemennene markerte startskotet for folkemusikkens nye storstoge med hardingfelespel og historieforteljing av ypperste klasse. Huset var framleis ikkje ferdig, men det sette ingen dempar på stemninga i den overfylte Klubbscenen der sveitten draup frå veggar og tak etter som ventilasjonsanlegget knela i kampen mot eit særs entusiastisk publikum.

10 år seinare står dei to karane på scena i Schouskvartalet på nytt, denne gong i hovudsalen som ikkje var ferdigstilt førre gong dei vitja Oslo saman. Dei to ringrevane har til saman har gjeve ut ein usannsynleg mengde folkemusikkplater, men denne kvelden vert likevel heilt spesiell - dei gjev ut plate saman for fyrste gong. Det er liveopptak frå tidlegare møte med dei to på scena som utgjer materialet med slåttar og soger som berre dei som var til stades i salen har fått høyre fram til no.

Riksscenen er særs stolte over å kunne presentere dei to bautaene innanfor norsk spelemannstradisjon som ein del av jubiléet til huset, 10 år etter at dei to åpna ballet.

Vel møtt til konsert!

Knut Buen – hardingfele
Hallvard T. Bjørgum – hardingfele