Riksscenen nyproduksjon
04
torsdag
11
april 2019
Dørene åpner 19.30
Starter 20.30
Billett 190/130
AL6A3992
374A7965 copy
DSC_0465 – Kopi

OLE NILSSEN X 3

Ole Nilssen (f.1993) frå Løten er blant landets fremste folkemusikarar på trekkspel og durspel, og i tillegg ein av dei beste folkedansarane i landet, og vart under Folkelarm utropa til Årets unge folkemusiker 2018!
I løpet av 2018 gav han ut tre album med tre ulike konstellasjonar, og denne kvelden er vigd Ole Nilssen med smakebitar frå alle desse produksjonane for å syne breidda og kvaliteten vinnaren av Intro-FOLK har å fare med.

 

Løten 2018


Saman med onkelen sin Thomas Nilssen heidrar Ole med denne utgjevinga trekkspelarane som gjennom 100 år har spelt til dans i Løten. Plata vann Folkelarmprisen 2018 for beste soloplate.

 

Edge


Her er det kontemporær musikk frå Ole som saman med Bjørn Kåre Odde fekk laga musikk for fele og trekkspel av Henning Sommero og Wolfgang Plagge.

 

Fredholm Trio

Saman med visesongar Evald Fredholm og fiolinist Elin Christensen utgjer Ole Fredholm Trio. Dei spelar alt mellom svingande visemusikk frå Alf Prøysen, Vidar Sandbeck og Edith Piaf til Paganini.  

 

Etter konserten spelar Ole & co opp til dans i alle hans musikalske retningar og fasetter!

 

#4320577