Riksscenen nyproduksjon
SS-WSF-016654
fredag
22
feb. 2019
Dørene åpner 19.00
Starter 20.00
Billett 220/175

Dansefest

SØR-FRON SPELMANNSLAG,
N. FURULI,
T.W. RUSTAD,
KJORSTADBRØRNE, M.FL.

På denna konserten fer vi høyre medlemmar frå eit levande folkemusikkmiljø på Fron i Gudbrandsdalen.

Sør-Fron spelmannslag er eit aktivt lag med medlemmar i nær sagt alle aldre. Dei er kjende for danseapell og kraftfullt samspel. Laget vart stifta i 1977 og har oppigjennom vore ein møteplass for samspel og samvære for over 100 folkemusikarar. Merittlista er lang, med mellom anna siger på landskappleiken 3 gonger, landsfestivalen 14 gonger, ein Spelemannpris, fleire andre prisar og gjæve speleoppdrag i både Universitetsaulaen og Den Norske Opera. Det viktigaste er kanskje likevel at dei i år etter år fortsett å halde folkemusikken relevant i lokalmiljøet. Med særleg hjelp av Erik Bjørke kjem dei stadig opp med gamle melodiar som elles blir lite spelt no til dags.

Nina Owren Furuli vert rekna som ei av det gjevaste soloutøvarane som har kome frå Sør-Fron på lang tid. Ho har vunne A-klassa på landskappleiken.

Tom Willy Rustad er for tida folkemusikkarkivar for Sør- og Midt-Gudbrandsdalen, ved sidan av å ha eit stort ansvar som lærar for folkemusikkelevane ved musikklina på Vinstra vidaregåande skule. Han er multiinstrumentalist, og vil opptre på konserten med munnharpe og seljefløyte.

Brørne Hans og Rasmus Kjorstad har dei siste åra synt seg fram som gamalmodige nytolkarar avfronsmusikken.

Etter konserten vert det fest og dans! Både laget og ulike grupperingar spelar opp til dans.

 

#4320577