Riksscenen nyproduksjon
09
torsdag
13
sep. 2018
Dørene åpner 19.30
Starter 20.30
Billett 200/130

Aa. O. Vinje 200 år

FIVIL

 

I 2018 feirar diktaren Aasmund Olavsson Vinje 200 år. I samband med jubileet har vokalduoen Fivil vald ut sine favorittar blant dei vakre, varme og skarpsindige tekstane til Vinje og arrangert dei med gamle og nye melodiar i særprega Fivil-stil.

Konserten er ei tinging frå Vinje i Telemark, som i vår inviterte Fivil til å delta på feiring og konsert i heimkommunen til den folkekjære lyrikaren. 

"De lager perler av gamle travere, og snurrer velkjente strofer rundt stemmebåndene til musikken blir svimmel." 
– Kjetil Asdal Bjørgan, Klassekampen

Konserten tek ei reise gjennom siste del av livet til vandraren Aasmund, då han etter mange omflakkande år, finn sin store kjærleik og opplever ei kort og intens lukke. I konserten har Aasmund og Rosa fått sin eigen, nykomponerte bruremarsj, og tonesettingar av dei meir kjende dikta som «Tyteberet» og «Den dag kjem aldri» er sjølvsagt med.

"Kirsti Bakken Kristiansen og Ingebjørg Lognvik Reinholdts stemmer griper fatt i oss som lyttere, og låser oss fast til stolen." 
– Jan Granlie, Salt Peanuts

 
 

Kirsti Bakken Kristiansen - vokal, Ingebjørg Lognvik Reinholdt - vokal  

#3549646