Riksscenen nyproduksjon
H Høgemo 5-03 Foto Jan Lothe Eriksen
torsdag
03
des. 2015
Dørene åpner 19.30
Konsert 20.30
Billett 180/120
12
Lars Skjervheim
ARRANGEMENTET ER AVLYST

LARS SKJERVHEIM 100 ÅR

LEIF RYGG / HÅKON HØGEMO / OLAV STEFFEN EIDE

I 1988 gav Spelarhaugen Folkemusikk ut innspelinga “Mellom vener” med slåttar komponert av Lars Skjervheim på kassett. På innspelinga medverkar Håkon Høgemo, Leif Rygg ogLars Skjervheim sjølv på hardingfele saman med Olav Steffen Eide på trekkspel og Hans Christian Holm på bass. I høve at Lars Skjervheim ville fylt 100 år i år vart den gjeve den ut att på nytt i vår, denne gong på CD, og denne konserten vil byggje på materialet frå utgjevinga og tradisjonen etter vossingen Lars Skjervheim. Lars Skjervheim (1915 - 2003), frå Myrkdalen på Voss, er ein av dei viktigaste spelemennene frå området på 1900-talet. Han meistra både dei eldre formene for slåttespel og runddansmusikk like godt og var ein særs mykje bruka spelemann i gjestebod og på dansefest. Han var også ein ihuga kappleiksspelemann med mengder av kappleikssigrar, noko han krona med å vinne Landskappleiken på Gol i 1972. Han vart tildelt Kongens fortenestemedalje i gull opg er sjølvskriven heidermedlem i Landslaget for spelemenn, no FolkOrg. Håkon Høgemo (f.1965) frå Årdal i Sogn og Leif Rygg (f.1940) frå Voss er nok dei spelemennene i dag som har lært mest direkte frå Lars Skjervheim sjølv, og kjende godt Lars og spelet hans. Begge to er av dei aller beste utøvarane på hardingfele i landet og har til saman mengder av utmerkingar, plateutgjevingar, spelemannsprisar og landskappleikssigrar. Med seg på konserten har dei trekkspelaren Olav Steffen Eide, som også medverkar på “Mellom vener”, og saman diskar dei opp med solospel, samspel og forteljingar om Lars Skjervheim og musikken hans under konserten, og så spelar dei opp til dans etterpå.

Håkon Høgemo - hardingfele
Leif Rygg - hardingfele
Olav Steffen Eide - trekkspel

 
#3549646