Frankie Gavin & De Dannan (Irl)
Det legendariske bandet De Dannan oppsto i Galway så tidleg som 1974! Etter bortimot 30 år, 14 plater og mange utskiftingar av bandmedlemmer, splitta bandet opp i 2003. I 2009 samla Frankie Gavin saman ein ny gjeng og De Dannan sto opp att, denne gong som Frankie Gavin & the Dannan.

“Frankie Gavin and De Dannan are the jewel in the crown, and as the musicians hit top gear some of the fast reels in particular are mesmerizing”
- Carl Dixon, The Irish Examiner

 Frankie Gavin -  fele,fløyte, plystring
Barry Brady -  trekkspel
Bernadine Casserly - vokal
Dan Bodwell - bass, vokal
Colm o’Caoimh - gitar, vokal


Sarah-Jane Summers & Juhani Silvola
Sarah-Jane og Juhani gav ut ein særs kritikarrost sjølvtitulert plate i 2013, eit album som mellom anna mottok utmerkinga «Top of the World» frå det anerkjende magasinet Songlines. No står dei klare med nytt album i hendene på Riksscenen! Duoen har musikk frå det skotske høglandet som basis, godt supplert av eigne komposisjonar, der improvisasjon og leik er særs viktige ingrediensar. Det varierast mellom det sarte og romantiske til eggande rytmer der dei to særs gode musikarane kan briljere med både teknikk og presisjon. Sarah-Jane er frå det skotske høglandet og har ein master i norsk folkemusikk og improvisasjon ved NMH. Juhani er ein ettertrakta sjangerkryssande gitarist og produsent som nyleg slapp eit kritikarrost soloalbum.

Sarah-Jane Summers - fele, hardingfele
Juhani Silvola - gitarar