Spelelista til Noregs Ungdomslag
Vi i Noregs Ungdomslag har sett saman ei speleliste med norsk og nordisk musikk som vi likar godt. Det skal vera noko for ein kvar smak, både for deg som vil sitte å lytte eller for deg som ynskjer å danse med. Fleire av låtane er musikk som vi har brukt til våre Folkepedia-filmar, medan andre er frå gode barnemusikkalbum, eller frå andre folkemusikkrelaterte album vi synes fleire skal få høyre.