Framsyninga samanstiller videoprojeksjon, lyd og ungdommen sin dans for å dykka ned i dansen si tiltrekkingskraft på kroppen, og opplevinga av at rytme, bevegelse og musikk samstemmer. Akkurat desse dansane, trinna, melodilinjene og rytmane har vore ein del av mange menneske i ulike tider. Det er - og har vore - ein måte å vera saman på, der kroppen sine bevegelsar i samspel med andre kroppar og musikk, står i sentrum for kommunikasjon. 

Til denne framsyninga har Rogalender henta inn nasjonale krefter med eit lokalt tilsnitt. Både koreograf Ingeleiv Berstad og musikalsk ansvarleg Olav Christer Rossabø er frå Haugesund-området. Begge har røter i folkemusikk og folkedans, men er godt plassert i samtidas danse- og musikkverd.

Det har gått 2,5 år sidan det nasjonale Bygda dansar kom til Rogaland for å gjera ungdom merksame på sin eigen unike immaterielle kulturarv. På desse 2,5 åra har prosjektet besøkt 40 skular, dansa med fleire tusen ungdommar, hatt 11 dansesamlingar, laga ei mindre framsyning, og nå står sluttframsyninga for tur. 

Bygda dansar Rogaland er det 10. fylket Bygda dansar går i. Prosjektet har sidan 2001 bokstaveleg talt dansa seg frå fylke til fylke. Prosjektet er eigd av Norsk senter for folkemusikk og folkedans, støtta av Kulturdepartementet og Rogaland Fylkeskommune, og kor det breie samarbeidet med Folkemusikkarkivet i Rogaland og folkedans- og musikkmiljøet her har mogleggjort realiseringa av prosjektet Rogalender.

Medverkande:
Ingeleiv Berstad, koreograf
Elisabeth Ellingsen, fagkonsulent og medkoreograf
Tuva Færden, fagkonsulent og medkoreograf
Olav Christer Rossebø, musikalsk ansvarleg
Erlend Viken, musikar
Stine Trondsdatter, prosjektkoordinator og produsent
Vibeke Heide, videoprojeksjon
Fagstøtte frå Norsk senter for folkemusikk og fagmiljøet i Rogaland

Dansarar:
Even Angelo Aarek
Selma Hetland Behrends
Xenia Alexandra Berkova
Ola Gjerde
Sikia Masters Heien
Gelvin Wilches Herrera
Åshild Hindenes
Jon Sivert Pettersen
Simon Løvald (Medinstruktør og dansar)

Plakat: Selma Hetland Behrends

Foto: Gunn Gravdal Elton