Nye Ringnesin

Nye Ringnesin vart etablert i 1984 og har vært mer eller mindre aktive siden oppstarten. Dei har gjeve ut tre plater, der «Frå vals til vise» vant Spellemannsprisen i folkemusikk/gammeldans i 1995. Gruppa har oppnådd mengder med topplasseringar på landsfestivalen i gammaldansmusikk, mellom anna to gull og fire sylv, og har fyllt opp dansegolv over heile landet. Kvintetten består i dag av:

John Egil Odnes - trekkspel
Øystein Rudi - fele
Bjarne Odde kontrabass
Kjell Grothe - trekkspel
Kåre Vennevik - gitar 

Visdals kvintett

Visdals kvintett blei starta som ein vidareføring av Ola Sandums kvintett/kvartett (1978–1987), då orkesterleiaren deira, Ola Sandum, gav seg. Han blei erstatta av Jan Visdal og Visdals kvintett vart skipa. Kvintetten var mest aktiv seint på 80-talet og  utover på 90-talet med tre plateutgjevingar, store mengder dansespel og konsertar, Amerikaturne og ymse konkurransar. I seinare tid har det vorte meir sporadiske opptredener, men utan at det har gått utover korkje popularitet eller dansetakt. Visdals kvintett er i dag:

Jan Visdal - trekkspel
Svein Stensrud - trekkspel
Leif Inge Schjølberg - fele 
Odd Ymbjørgøyen – gitar
Ola Nesset - kontrabass


Buss for tog

Kveldens nøringar er hustrioen "Buss for tog" som spelar dansemusikk frå Gudbrandsdalen og andre trivelege dalføre.
Inge Gjevre - toradar
Andreas Ljones - fele
Asgaut Bakken - gitar