Madam Jam

Madam Jam har med sin banebrytande runddansmusikk blitt ein favoritt for dei som elskar å danse. Dei sju folkemusikarane utforskar nye måtar å instrumentere og arrangere gammaldansen på. Med sin smittande speleglede og sine spraglande klede skapar dei alltid god stemning. Her får du svingande reinlendarar, smektande valsar,  dansande bassgangar og polka med banjo. 

Steinar Odde – banjo, elgitar
Pål Bratås–durspel, trekkspel
Øyvind Sandum–durspel, trekkspel
Gro Visdal–kontrabass
Bjørn Kåre Odde–fele, bratsj
Geir Byre–gitar
Kristen Bratås,piano

 

Østerdølenes Spellmannslag

​​Østerdølenes er eit av landets aller beste spellmannslag og spelar polser, polsdanser og springleiker i tillegg til feiande flott runddansmusikk. Repertoaret er henta frå Østerdalen og Hedmark laget vert leia av Marit Westling. 

 

Haltli/Vårdal/Amper

Haltli/Vårdal/Amper er ein kruttsterk trio som spelar musikk frå grensetraktene mellom Noreg og Sverige. Emilia Amper med nyckelharpa, Frode Haltli med akkordeon og Vegar Vårdal med felene sine lovar spretne polsdansar og  suggererande polskaer frå belg og streng 

 

Buss for Tog

Buss for Tog stiller som vanleg når det er duka for dansefest på Riksscenen. Det er dei gamle kuratorane for dansefestane som gøymer under konduktørluene, og i beste VY-stil, skal dei halde seg gamaldanssporet utan for mange signalfeil, avsporingar og forseinkingar. 

Inge Gjevre - torader 
Andreas Ljones - fele 
Asgaut Bakken - gitar

 

Dansefesten er ein del av folkedansfestivalen DANS, DANS, DANS