Riksscenen tar opp att suksessen frå i fjor og inviterer folkemusikkungdom frå heile landet til galla på Hovedscenen. I år blir det innslag frå studentar på dei ulike folkemusikkutdanningane i tillegg til Bølingen, UFO og ungdomsgruppene til Leikaringen i BUL. Det blir pardans og lausdans, godkarstykkje og ringdans. Munnharpe, feler, toradar, song og langeleik.

Framsyninga blir leia av Vilde Westeng og Neri Bakkjen. Hjarteleg velkomne!

Folkemusikkstudentar frå Rauland (Universitetet i Sørøst-Norge, Campus Rauland)
Folkemusikkstudentar frå Norges Musikkhøgskole
Folkemusikkstudentar frå Ole Bull Akademiet
Bølingen – dans
UFO – Unge folkemusikere i Oslo
BULder og Brak – dans
TrøBUL - dans
Vilde Westeng – konferansier og dans
Neri Bakkjen – konferansier og dans