Veit du – av og til må ein vere skikkeleg modig. For jenta vil i dag reise til landet bortanfor alt for å drepe draken. Heldigvis sit ho på ryggen til ein klok hest!
I dag tar Helga og Åsmund oss inn til ei forteljarstund på Klubbscena, og dei skal fortelje oss eit eventyr som Rikard Berge frå Seljord fekk fortalt til seg for over 100 år sidan. Og – eg trur du veit at i eventyra kan alt skje. Legg du reisa dit, kjem du ikkje tomhendt tilbake! 
Det er sjølvaste Leif Stinnerbom som har regien, og musikken er komponera av Åsmund. Framsyninga høver best for dei som går på skulen, men finn ein plass på eit godt fang så vil framsyninga passe for alle. 

 

Helga Samset – forteljar
Åsmund Reistad – musikar