Her gir dei oss songar med tekst av Kjartan Fløgstad og musikk av Gabriel Fliflet; eventyrlege historier, naturlyrikk og voggesongar - eit breitt spenn frå stille nynning og blåtonar til driv og dansetakt. Songar som går sine eigne stiar. Lengting, liv og song! 

Trio Alde: Ordet alde har to tydingar: stor havbåre, dønning og hagefrukt. Ordet rommar altså både hav og hage - og peikar mot Vestlandet, der dei tre musikarane er heime.

Kjartan Fløgstad er ein av dei store forfattarane i landet vårt, og er i lag med Trio Alde denne kvelden. Han er glad i musikk, og har i heile sitt forfattarliv dikta songtekstar, som har dukka opp både i og utanfor romanane hans. Spennet er vidt, frå vare voggeviser til frodige historier, frå naturlyrikk til songar om kjærleik på skrinn grunn.

 Musikar og musikkmakar Gabriel Fliflet har laga musikk til mange av Fløgstads songtekstar.Fliflets melodiar er melodiøse, men går gjerne litt uventa vegar. I fleire av dei kan du høyra at komponisten ikkje berre trivst på konsertscena, men òg er glad i å spela til dans: Vals og reinlendar, tango og ulike balkandansar!


Berit Opheim – song
Jorun Marie Kvernberg – fele, hardingfele, harpeleik, song
Gabriel Fliflet – trekkspill, piano, song
Kjartan Fløgstad - lyrikk