Baltic Crossing har sidan 2004 markert seg som ein stor eksportør av nordisk folkemusikk ut i den store verda. Fem musikarar frå Finland, Danmark og England har spesialisert seg på nyskaping av den tradisjonelle turdansmusikken, og gjer dette med spenstige, livlige arrangement krydra med finurleg stemmespel og eit steady komp. Dei er kjent som eit framifrå liveband der den kunstneriske kvaliteten er høg, uansett. Dei har fått mykje god kritikk for sine to album, Firetour og Sextour, og vart for Firetour dobbeltnominvert for Danish Music Awards. Dei har, i regi av ECHO´s Rising Star Program, turnert dei store scenene i Europa, og no er dei klare for å gjera ein heidundrande sesongavslutning for Folk på Torsdag!

Antti Järvelä – kontrabass, fele, mandolin
Esko Järvelä – fele, bratsj, piano
Kristian Bugge – fele
Ian Stephenson – gitar, torader
Andy May – Northumberland pipes, uillian pipes, piano

ÄIO -tradisjonsmusik fra Estland og Norge

ÄIO er i gamal estisk religion guden for draumar, han tek sjela di med på ein rusletur i draumeverda. Kvartetten ÄIO speler tradisjonell musikk frå Estland og Norge med ei improvisert tilnærming. Musikken spring ut frå Katariin Raska si estiske sekkepipe, som saman med hardingfele, fløyte og kontrabass utforsker verda midt mellom det tradisjonelle og det samtidige.

Jon Hjellum Brodal - hardingfele, fele
Anders Hefre - bassklarinett og irsk fløyte
Christian Meaas Svendsen - kontrabass