Vi avslutter sesongen med eit skikkeleg belgedrag! Tom Willy Rustad er ein banebrytande utøvar på eit instrument som har både begrensninger og moglegheitar i sitt knappesystem. Tom Willy ser moglegheitane og får fram både sløye akkordar og fengande, vakre arrangement i spelet sitt, m.a som ein del av gruppa Kvarts. Leif Ingvar Ranøien tok opp arven som elev av Tom Willy, og har teke toraderen vidare opp på rockescena og på hitlistene med gruppa Sver. Ole har akkurat avslutta studia ved folkemusikklina på Vinstra, der han hadde Tom Willy som lærar, og har starta på Noregs Musikkhøgskule her i Oslo, med torader som hovudinstrument sjølvsagt! Vi såg dei som trio på landskappleiken 2011 og vart imponert av eit supertight samspel, stor breidde, kule slåttar og arrangement på eit instrument som rett og slett rocker gata!

Tom Willy Rustad - torader
Leif Ingvar Ranøien - torader
Ole Nilsen - torader