Endelig er Eplemøyane her att! Etter platedebuten i 2010 har vokaltrioen sjarmert seg inn i mangt eit hjarte. Med ein mikstur av dramatikk, eksperimentell improvisasjon, humor og bisarre forteljinger er Eplemøya definitivt noko av det hotteste som har skjedd norsk musikkliv dei to siste åra. Dei tre virtuose stemmene med bakgrunn frå jazz og folkemusikk skaper eit a capella lydlandskap som gjer assosiasjoner til hardingfeleslåtter, bulgarsk folkesang, budeilokk, indie og mongolsk songtradisjon. Wenche Losnegård - sang Anja Eline Skybakmoen - sang Liv Ulvik - sang