Plateslepp!

Når månadens artist og vinnar av Grappas Debutantpris 2012, Erlend Apneseth, skal sleppe si fyrste soloplate, er det duka for ein real festkonsert på Riksscenen. Foruten slåttane er improvisasjon stikkordet; var og særeigen ny musikk som utforskar den rike klangverda hardingfela har å by på. Med seg har Erlend denne kvelden duoen Øyvind Hegg-Lunde på perkusjon og Stephan Meidell på gitar, og Simbarashe Norman Fulukia fra dansekompaniet Carte Blanche. I tillegg er vi så heldige å ha fått med eit av dei verkeleg store namna innen europeisk jazz og improvisasjonsmusikk, Arve Henriksen, som gjesteartist. Han har også vore produsent på plata. Alt dette blir sydd saman av ein biletserie av Oddleiv Apneseth.

Erlend Apneseth - hardingfele
Simbarashe Norman Fulukia - dans
Øyvind Hegg-Lunde - perkusjon
Stephan Meidell - gitar
Arve Henriksen - trompet